top of page
Nigard Lid Gjestetun
- realiser draumen saman med oss!



Historie og draum
Nigard Lid er staden der mi mor vart født i 1934. Det er også staden der eg og min familie bur. Men garden har historie heilt tilbake til 1600-tallet! Denne historia og historia om korleis me set i stand dei gamle husa på det fine tunet vårt, vil eg dele med deg etterkvart.
Draumen for tunet er å ruste opp alle husa slik at det kan bli eit gjestetun der det er mogleg å overnatte, delta på kurs og besøke utstillingar, samt romme atelier for meg. Det er 5 bygg her; hovudhus, kornmagasin, eldhus, fjos og låve. Hovudhuset er stort sett ferdig og kornmagasinet og eldhuset er allereie i bruk til overnatting. Om du har lyst til å overnatte i kornmagasinet, kan du ta ein kikk på Airbnb for å reservere tid. Velkommen til Nigard Lid!
Bilete frå Nigard

Du finn meg her
bottom of page