Tegnekurs for barn
14.okt-4.nov 2026 på Rauland
I vår hadde me eit teikne/malekurs for dei mellom 10 og 13 år. Kurset blei fullt og det var ein utruleg fin gjeng å ha med å gjere! Arbeidssomme, kreative og nydelege på alle vis. No blir det nytt kurs, - kanskje fleire har lyst til å prøve??
Kurset er eit samarbeid med Rauland husflidslag og blir på Dyre Vaa huset denne gongen også. Opplegget blir ganske likt det forrige, men det er absolutt lov å bli med ei gong til og velge eit nytt prosjekt å jobbe med. Me lærer litt om korleis me skal tenke når me teiknar og målar, og me skal leike oss litt med blyant, maling og tusj, og kose oss saman 4 onsdagar utover hausten.
Arrangør: Rauland Husflidslag
Stad: Dyre Vaahuset, Midtre Såtehov 3, 3864 Rauland
Oppstart: 14.okt kl.18:00
Varighet: 4 onsdagar frå kl.18:00-21:00
Påmeldingsfrist: 5.oktober kl. 21:00
Ta med tegneblokk i A3 format, tegneblyant HB (vanleg blyant) og visklær. Det andre får du utdelt.
Prisar
For medlemmar i Rauland Husflidslag: 1000,-
Ikkje medlemmar i Rauland Husflidslag: 2000,-
Bindande påmelding: Du må betale 50% ved avbestilling før 05.10, 100% ved avbestilling etter 05.10.
Vist du melder deg inn i husflidslaget no i haust er det 50% på Ung-Husflids-medlemskap.
Bli medlem: https://husflid.no/om-norges-husflidslag/.blimedlem/.
Kontaktinformasjon
Kurslærer Ruth Kvålo Dalen
tlf 90597872
Studieleiar Berit Tjønn
tlf 40488317

