top of page

Nigard Lid

Sommarutstilling 2026

11. juli - 2. august

Opning laurdag 11.juli

Hald av laurdag 11.juli! Kl.13.00 denne dagen opnar sommarens utstilling på kunstlåven vår her på tunet! 

Program for dagen:

Presentasjon av dei tre utstillarane

Sang ved Lina Haugholmen med musikarar

Innslag om «Kvinner i kunsten» ved Elisabeth Lunde

Salg av kyllingsuppe og kaker på tunet.

 

Adresse: Lidvegen 318 i Øyfjell, 3890 Vinje

Hjertevarmt velkomne!!! 

Opningstider 15. juli - 2. aug
onsdag - sundag kl.12:00 - 16:00
Kunstnarane

På opningsdagen skal kunstnarane presanterast, men om du vil vite litt meir før opningsdagen kan du lese meir ved å trykke på bildene.

Meir om program på opningsdagen

I år ser det også ut som Nigard Lid får eit nytt lyft på tunet. Låven får ny Låvebru og Ruth vil derfor åpne dørane inn til 2.etg på låvebygningen! På sikt blir dette det nye atelieret hennar, men i år vil det fungere som utvida utstillingsplass.

Elisabeth Lunde er også ein fantastisk kunstner som driv Villa Lunde i Lunde. Ho besøker oss på opningsdagen og skal halde eit lærerikt og spanande innlegg om «kvinner i kunsten», og kva kan passe betre inn enn dette då vi er 3 kvinnelege utøvarar på denne utstillinga! Vi ser fram til å høyre meir om kva historien fortel om dette temaet.

image14.jpeg
image15.jpeg

Lina Haugholmen var også med oss i fjor og heldt konsert på kvelden opningsdagen. Hennes sang er sjelfull og vakker og ho reiser mykje rundt i landet på oppdrag med ulike sangoppdrag og konserter. I år blir det ikkje konsert på Lid men me er heldige å ha ho med oss som musikalsk innslag under opninga. Ho har med seg musikarar i år også.

Inne på kjøkkenet finn du to unge, søte jenter som serverer kyllingsuppe og kaker og som gleder seg til å ta i mot deg slik me alle gjer

Me håpar at du vil like utstillinga vår og at mange kunstverk finn vegen heim i løpet av sommaren. Det er også i planane vår at keramiker Elisabeth Helvin skal halde eit foredrag siste opningshelga. Meir info kjem om dette.

 

Hjarteleg velkomen til Nigard Lid sommaren 2026! 

bottom of page