Jolekonsert !
Jol i stoga....
13.des kl.18.00
I fjor hadde me besøk av Miriam og Oddrun for fyrste gong her på Nigard Lid. Det vart ein stemningsfull kveld der stoga var full av folk og herleg julestemning! I år kjem dei igjen og me håpar å få fylt opp stoga ei gong til! Servering av gløgg og open utstilling.
Oddrun Hyttedalen er født i Drammen i 1970. Sang og musikk har vore ein naturleg del av livet hennes sidan ho var lita jente. Allerede som 14 åring dreiv ho sitt fyrste barnekor.
Oddrun stortrives sammen med barn i alle aldre og gav ut sin fyrste cd i 2001 med gonattsanger for barn. Ho har også laga musikkvideoer for nrk- barne-TV.
Dei siste åra har tekster og musikk vore retta mot eit meir vakse publikum, og vi har gleda av å ynskje velkomen til jolekonsert der Oddrun, sammen med Miriam Gressli Edvardsen, kjem på besøk til Nigard Lid for å gje oss ein nydeleg God Jul I Stua konsert som vi trur skal bli minst like bra som i fjor då dei vitja oss for fyrste gong!
Dette gjev herleg jolestemning i avslappa former der vi sit i sofa og stolar og ellers der vi får plass😅
Sikre deg billetter no, kun 30 plassar! send sms til 90597872,- då sikrar du deg plass. betaling skjer direkte til Oddrun og Miriam på vipps #850610.
pris kr. 300 pr plass
Velkomen !

