Tegnekurs for voksne
2.nov-30.nov ´26 og 11.jan - 8.feb ´27 i Åmot i Vinje
Bur du i «farbar veg» frå Åmot i Vinje og har lyst til å lære å teikne frihandsteikning?
Eg er ein biletkunstnar frå Vinje i Telemark som tilbyr teiknekurs der vi i løpet av 10 kurskvelder går grundig gjennom ulike sider ved det å utvikle gode teikneferdigheter. Kurset gjev ei grundig innføring for deg som ikkje har teikna så mykje før, MEN også for deg som kan litt frå før og vil lære meir!
Arrangør: Ruth Kvålo Dalen
Stad: Galleri R.K.D i Åmot i Vinje på Fristadsenteret
Oppstart:2.nov kl. 17.30
Varighet: 10 måndagar frå kl.17:30-20:30 ( 2.nov - 30.nov 2026 og 11.jan - 8.feb 2027)
Påmeldingsfrist: 19.okt.
Kurset er altså delt i to med 5 gonger før jul 2026 og fortset 11. januar 2027 med dei siste 5 gongene.
Kurset vil gje ei grundig innføring i ulike sider ved det å bli ein god frihåndsteiknar. På dette kurset vil eg undervise, dele gode råd og erfaringar,- samt gje personleg veiledning. Mykje av øvingsoppgåvene og "lærings-strategien" er henta frå boka "å teikne er å sjå" av Betty Edwards. Kurset passar for voksne og ungdom som evnar å fylgje «vaksen undervisning». Du treng kun teikneblyantar, teikneblokk, viskelær/knettgummi og blyantkvessar.
Prisar
Eg tek 2500 pr pers. ved fullt kurs på 12 deltakarar. Om vi blir færre enn 10 stk tar eg 3000. pr pers. Inviter gjerne med vener du tenkjer kan vere interessert slik at eg får gje dykk denne rabatten😊
Kursavgift skal betalast i forkant av kurset,- du vil få ein faktura med forfall før oppstart. Hoppar du av i løpet av kurset vert ikkje kursavgift refundert.
Om du vil ha meir informasjon om kurset så ikkje nøl med å ta kontakt!!
Kontaktinformasjon
Kurslærer Ruth Kvålo Dalen
tlf 90597872

