top of page

Malekurs på Nigard Lid
12.-15. august 2025

Målekurs.png

Velkomen til sommarens kurs på Nigard Lid i figurativ målerkunst!
Tysdag 12. til fredag 15. august inviterer eg deg til målekurs på tunet heime hos meg.
Eg har mange års erfaring som biletkunstnar og har dei siste åra jobba kun med kurs og eigen biletkunst. På mine kurs lærer du ei klassisk figurativ tilnærming til målekunsten og eg er svært opptatt av å hjelpe mine kursdeltakarar til å skjønne korleis dei kan bli betre på å gjengi det dei ser på ein naturleg måte. Har du redskap og teknikk i botn står du fritt i vegen vidare.
På dette kurset blir det litt teori og mykje individuell veiledning. Er me heldige og sola skin, vert det mogleg å måle ute. Om det regner skal me vera inne på kunstlåven.
Eg har også mellom 6-8 overnattingplassar, så om du er tidleg ute får du kanskje ei seng i Kornmagasinet eller Eldhuset.

Sjå alle kursdetaljar her.

Prisar

IMG_7867.jpeg

Kursavgift

kr 3 500

Seks økter med undervisning og praktisk arbeid med mykje personleg veiledning.

IMG_4917.JPG

Måltider

kr 2 500

Det vert servera heimelaga mat alle dagar, men ein ekstra god middag torsdag kveld.

IMG_7853.jpg

Overnatting

kr 300 pr natt

Eg har fleire overnattingsplassar i både hovedhuset, kornmagasinet og eldhuset.

Totalpris kr 6 400 for kurs, kost og losji

Påmelding

Det er bare å ringe eller sende SMS om du har spørsmål!

Ynskjer du materialpakke (kr 1 900)
Ja
Nei
bottom of page