
Male og teiknekurs
Lev draumen
Har du ein draum om å lære å male? Eller teikne? Bli med på mine male og teiknekurs!Kvart malekurs starter med ein teoridel der vi snakkar om korleis hjernen er bygd opp med ein kreativ og ein logisk hjernehalvdel. Vi fortset med nokre enkle øvingar der vi har fokus på "å teikne det vi ser" og å ta i bruk den kreative hjernehalvdelen vår i større grad. Så tar vi med oss denne kunnskapen viare inn i oljemaleriet og øver oss på "å sjå fargar". Vi legg opp paletten saman og går gjennom oppbygging av maleriet lag for lag med eksempler og veiledning.Kurset er lagt opp slik at alle kan delta uansett erfaring sidan alle får individuell oppfylgjing utover i kurset.Teiknekursa består av 10 kvelder der vi også har samme utgangspunkt som ved malekurset, men i teiknekurset fortset vi å bruke blyanten og tar for oss ulike øvingar for å bedre teknikk og bli gode teiknarar.
Malekurs på Rosseland i Kristiandsand
28.feb - 2.mars 2025

Dette infoskrivet kan du få tilsendt om du ynskjer det,- bare ta kontakt! :
Kjære kursdeltakar!
Til deg som ikkje veit noko om meg kan eg fyrst starte med å sei litt om kven eg er og kvifor eg driv med kurs
Eg er utdanna faglærar i kunst og handverk ved universitetet i sørøst Noreg og har i tillegg til å ha undervist i dette faget i mange år, leda ein del frivillig arbeid med born og unge der kunst og handverk har vore sentralt. Eg har i dei siste 25-30 åra jobba mykje med oljemaleri, drive eige biletgalleri fra 2009 til 2014, jobba som illustratør for Cappelen & Damm og Schibstedt forlag, arrangert teiknekurs, malekurs osv.
Spesielt dei siste 10 åra har billedkunsten min vore ein stor del av inntekstgrunnlaget mitt, og eg sel kunsten min både via utstillingar og bestillingar. Eg er også kjøpt inn av diverse offentlege bedrifter/bygg.
Hausten 2014 avslutta me galleridrift og frå og med 2015 jobba eg kun som biletkunstnar,- men i 2018 måtte familien vår gjennom ei tøff tid då mannen min døde etter kort tids sjukeleie. I tida etter dette jobba eg både som lærar og billedkunstnar i ein periode, men hausten 2023 starta eg opp med kurs i tillegg til billedkunsten og avslutta jobben som lærar. No jobbar eg som billedkunstnar og kurshaldar og opplever stor interesse for dette, og det er også ein fin måte å treffe andre menneske på og å kunne dele av det som gjev så stor glede i mitt eige liv
Etterkvart er ein del av planen å kunne tilby fleire kurs heime på gardstunet der vi bur, som eg er i gang med å etablere som eit «gjestetun». Foreløbig er det kun sommarstid eg kan bruke låven som kurslokale så no når kulda er her så har eg sjølve kurset i andre lokaliteter. Eg reiser også gjerne rundt med kursa mine der det er interesse for det.
Denne gongen går turen til Rosseland,- og det gledar eg meg veldig til!
Eg gledar meg også veldig til å treffe deg, og til å tilbringe ei kreativ og herleg helg saman
Varm helsing frå
Ruth K. Dalen
KURSET:
Å jobbe med oljemaleri er ei stor glede, og det å få lov til å nå nye mål, utforske nye områder innan formidling i kunstens verd, samt rett og slett få lov til å skape, er ikkje noko mindre enn fantastisk!
Dette kurset er bygd opp rundt prinsippet «å teikne er å sjå», og er meint som ei hjelp til deg med å «knekke nokre kodar» og lede deg inn på rett spor slik at du kan oppnå større evne til å «overføre» det du ser rundt deg til lerretet. Målet er ikkje at du er ferdig utlært etter ei helg på kurs,- men eg håpar og trur at du har fått med deg nokre gode redskaper som du kan bruke viare på di reise!
Ein liten oversikt over helga..
Fredag:
Fyrste økt starter kl.18.00 ,- Kurslokalet blir Rosseland bedehus.
Målet med kurset er pensel, maling, lerret og staffeli,- men på vegen fram dit skal me starte den første økta på Fredag med litt undervsning og viare nokre øvingsoppgaver med blyant og papir. Å få med seg dei grunnleggjande prinsippa som desse oppgåvene pekar på vil vere heilt nødvendig for at du skal kunne koma vidare og føle mestring når vi gjeng i gang med maleri. Heile grunnlaget og essensen ligg i å lære og forstå kor skoen trykker når du «ikkje får det til». No skal vi hjelpe hjernen til å bruke sansene sine på ein ny måte slik at du kan koma vidare reint teknisk.
Laurdag:
Fyrste økt starter kl.11.00 og vi held på til kl.14.00. Det vert lunch frå 14.00-15.00. Andre økt starter kl.15.00 - 18.00.
Denne dagen skal vi ta med oss vår «nye lærdom» viare og vi skal leggje opp maleriet. Eg viser oppteikning av motiv, og vi skal gå gjennom kva fargar du skal leggje opp på paletten din. så viser eg eksempel på korleis du byggjer opp maleriet lag for lag. Du jobber med ditt maleri mens eg går rundt og veiledar. No skal vi lære å sjå fargar slik vi lærte å sjå når vi teikna fyrste dag.
Sundag:
Fyrste økt starter kl.11.00 og vi held på til kl.14.00. Lunch frå 14.00-15.00. Andre økt starter kl.15.00 - 18.00.
Vi jobbar viare under veiledning.
Gjennomgang av maleri mot slutten av siste økt. vel heim
Her kjem prisar:
Kursavgift: 3000
Mat: kommer tilbake til pris her
Kursmateriell: sjå lengre ned.
VIKITIG ANG. MAT: Fellesmåltid er hyggeleg når vi har kurs! Eg tilbyr som regel ei eller ana form for servering. Dette vil de få nærare beskjed om når det nærmer seg! Men det er greit å merke seg at vi legger opp til at alle har lunch sammen ( pause midt mellom øktene)
ANG OVERNATTING:
Du må sjølv sørge for overnatting
Materiell:
For å få til noko må vi ha utstyr til det. Nokon har nok ein del frå før mens andre ikkje har det. Eg set opp ei liste over kva du treng under her. Ta med det du har,- det du ikkje har kan du bestille av meg. Bestill så fort du veit kva du treng og innan 15.jan.
Du treng:
-palett ( kan vere ei tynn finerplate e.l som du har liggjande)
-penslar (ein liten rund, og 2-3 flate i ulike størrelser, ikkje la den største vere breiare enn eit par cm. Avrunda hjørne på busta er best. Søstrene Grene har gode og billige pensler!)
-filler ( gjerne eit gamalt putetrekk eller liknande som du kan rive)
-terpentin (lurt å ha med egen men har også litt som vi kan dele på «fellesen»)
-oljemaling
-Lerret (maks format ikkje større enn ca 40-50cm bredde.)
-skisseblokk i A3 størrelse
-teikneblyant B eller B2
-godt viskelær
-blyantkvesser
-eit glass til å ha terpentin/ penselrens i
Oljefarger:
Eg brukar Old Holland men du treng ikkje å byrje med det dyraste viss du ikkje er godt i gang allerede og har lyst til å «avansere».
Eg har derfor laga materialpakker som inneheld det du treng av materiell og oljefarger i ein kvalitet som er god og mykje billigare enn Old holland, veldig bra for deg som skal på kurs!
Maletuber med farger du får bruk for av merket Winsor & Newton:
1stk Lemon yellow hue nr. 346
1stk Naples yellow hue nr. 422
1stk yellow ochre nr. 744
1stk Ivory black nr. 331
1stk French ultramarine nr. 263
1stk Cerulean blue hue nr. 138
1stk Cadmium red, deep hue nr. 098
1stk alizarine crimson nr. 468
1stk burn umber nr. 076
1.stk emerald green nr. 241
1.stk Chrome green hue nr. 145
1stk Green umber, old holland (fins ikkje tilsvarende i Winsor & Newton)
1stk raw umber nr.554
1stk titanium hvite nr. 644
Tips til butikkar du kan finne materiell:
KEM: Oslo/på nett
Tegne.no: Oslo/på nett
BAS: Larvik
Panduro har også ein del
Viss du ikkje har det du treng og syns det er vanskeleg å bestille materiell sjølv, kan du bestille det du manglar eller ei komplett materialpakke gjennom meg. Husk likevel på at du må lese gjennom kva du treng til kurset (sjå over) då denne pakka ikkje inneheld staffeli, malefiller ol:
Liste med prisar her,- bestill det du treng:
MATERIALPAKKE:
4 Pensler kr.248
13 tuber , Winsor & Newton kr.780 (oversikt over farger i denne pakka finn du nedanfor)
1 tube grønn umber, Old holland kr.153
1 lerret kr.240
1 palett kr.76
1.A3 skisseblokk kr.108
1 blyant kr.28
1 viskelær kr.36
1 terpentin kr.96
Totalt kr.1765
Inkl frakt/henting og små variasjoner i pris tar eg 1900 for heile pakka
PÅMELDINGFRIST:
Eg treng ei endeleg påmelding seinast 15.februar 2025, men flott med ein indikasjon på interesse så tidleg som råd så eg ser om det er interesse for kurs i området Samme frist gjeld for bestilling av eventuelt materiell.
Spørsmål av alle slag kan stillast til meg på:
tlf: 90597872 eller
mail: ruth.kvalo.dalen@gmail.com
Hjarteleg velkomen til kurs,- eg gledar meg til å treffe dykk!
Venleg helsing
Ruth K Dalen