top of page

Kunstlåven 

Draum og Røyndom  SOMMARUTSTILLING

Denne sommaren, 2025, opnar vi låven vår her på Nigard Lid i Øyfjell for fyrste gong for utstilling. Bygget er foreløbig stort sett slik det var,- ei enkel ramme av gamle tømmerstokker som før vart bruka til redskaper og oppbevaring av høy. I sommar har vi tømt bygget og fyller det med nytt liv,- hjarteleg velkomne til den aller fyrste utstillinga på Nigard Lid!

IMG_1343.jpg
lina.jpg

Konsert kl.18.00

4.juli - etter opning av utstilling

Lina Haugholmen m/band

Bestill billetter til konsert kl.18.00 same dag som utstillinga opnar på låven, altså 4.juli! Fellestransport frå Øyfjell grendehus,- møt opp ein halvtime før. billetter kan reserveres via sms til tlf: 90597872. kr. 320 meir om konserten under:

Draum og Røyndom

Draum og Røyndom er ei reise gjennom romantikkens lengselsfulle framstilling av livet, via surrealismens symbolske verdensbilde, og mot ei mogeleg forening av våre draumar, håp og tru inn i vårt verkelege liv. Ruth K Dalen jobbar med oljemaleri og ofte i store format. maleria vert også tilgjengeleg i små opplag med nummererte kunst-trykk. Ruth si gode venninne Linda Ternsten Haukenæs stiller også ut nokre av sine Linosnitt. Med sin enkle strek brukar ho naturen som eit symbolsk instrument for å understreke eit tema eller ei stemning.

På opningsdagen vil også Lina Haugholmen bidra med si nydelege sangstemme og sine tolkningar av gamle salmer og folketoner i ein utekonsert kl.18.00. Med seg har ho samla eit knippe dyktige musikarar. Jan Tore Gauslaa-piano, Jarle Aabø-gitar, Kjetil Bergheim-fele, Knut Eirik Hult-bass, Jostein Rørmark-trommer og Bjørn Lona-lyd.

 Bakgrunnsteppet blir Lidtjernet og dette blir MAGISK!! Me håpar at flest mogeleg tar seg tid til å bli med på både åpningsseremonien kl. 16.00 og konsert kl.18.00 Det vert servering av mat og kaker mellom arrangementa.

​OBS!!! Opningsdagen vil det bli lite parkering på tunet så me ber folk om å møte opp på Øyfjell Grendehus ein halvtime før opninga kl.16.00. Der vert det sett opp minibuss som fraktar deg til Nigard Lid. Det same gjeld for konserten kl.18.00.

OPNINGSTIDER resten av Juli:

 ons - sundag kl.12.00 - 16.00

Nigard Lid

bottom of page