Malekurs på Øyfjell Bygdemuseum
30. sept - 3. okt 2025

Tysdag 30.sept - fredag 3. okt inviterer eg igjen til malekurs!
Hausten har smått om senn vist at den er i anmarsj, og det er igjen tid for innesyslar, tente stearinlys, ein kopp varm te og ikkje minste; kreativitet!
Eg har mange års erfaring som biletkunstnar og har dei siste åra jobba kun med kombinasjonen kurs og eigen biletkunst. På mine kurs lærer du ei klassisk figurativ tilnærming til malerkunsten og eg er svært opptatt av å hjelpe mine kursdeltakarar til å skjønne korleis dei kan bli betre på å gjengi det dei ser på ein naturleg måte. Har du redskap og teknikk i botn står du fritt i vegen viare.
Sidan det er kjølegare i veret og låven min på Nigard Lid (som eg brukar sommarstid) er uisolert, så har vi fått låne kurslokaler på vakre Øyfjell bygdemuseum, eit utruleg hyggeleg gardstun med fine, gamle bygg rundt oss. Sjølve kurset vert halde i den flotte nye kafeen, men vi nyttar Mostøylstoga til mat og sosialt mellom øktene. Det vert også ein hyggekveld heime hos meg på Nigard Lid på torsdag. Då et vi god mat med dessert/kake etterpå.
På dette kurset blir det litt teori og mykje individuell veiledning. Er vi heldige og sola skin, vert det mogleg å male ute. Om det regner, skal vi halde til inne i kafeen. Blir vi inne bruker vi referansefoto med motiver av ulike slag som du kan velge mellom. Desse har eg med meg.
Eg har mellom 5-9 overnattingsplasser heime hos meg på Nigard Lid, litt avhengig av temperatur ute. Kornmagasinet har 4 senger som kan nyttas viss det fortsatt er plussgrader på natta, ellers har eg 3-4 sengeplasser inne og 2 i eldhuset.
Ikkje nøl med å meld deg på! Då det er plassbegrensning i kafeen fylles kurset fort opp. Eg gledar meg! Vi skal ha nokre givande og gode kursøkter. Og så skal vi også hygge oss saman.
Om du er interessert så send meg gjerne ein sms på 90597872 eller e-post til ruth.kvalo.dalen@gmail.com. Du kan også melde deg på via skjemaet under. Du kan laste ned deltagerbrevet her for meir detaljar.
Velkommen!
Prisar

Kursavgift
kr 3 800
Seks økter med undervisning og praktisk arbeid med mykje personleg veiledning.

Måltider
kr 2 000
Det vert servera heimelaga mat alle dagar, men ein ekstra god middag torsdag kveld.

Overnatting
kr 300 pr natt
Eg har fleire overnattingsplassar i både hovedhuset, kornmagasinet og eldhuset.